Personvernerklæring
Som brukar i søknadssystemet får vi informasjon om deg, og andre personar du inkluderar i søknadane. Denne personvernerklæringa fortel korleis Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samlar inn og brukar personopplysningar for å handsame søknadar.
Formål
Føremålet med å samle inn personopplysningar er å mogleggjere søknadshandsaminga til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på ein enkel og trygg måte. Føremålet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er vidareføring av sparebanktradisjonen, gåveutdeling og kapitalforvaltning.
Kva meinast med personopplysingar
Personopplysingar er informasjon som kan knyttast til ein person, som til dømes namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane handsamar personopplysningar i henhald til ei kvar tid gjeldande lovgjeving, herunder i samsvar med personopplysingslova og personopplysingsforskrifta.
Handsamingsgrunnlag
Stiftinga har i følgje personopplysningslova rettsleg grunnlag til å handsame personopplysningar for å kunne gjennomføre formålet.
Stiftinga sitt rettslege grunnlag er anten (1) samtykke i brukarregistrering og ved innsending av søknad, (2) handsaminga er nødvendig for å oppfylle avtalar med den registrerte, eller (3) handsaminga er basert på stiftinga sine vilkår for samhandling.
Kva personopplysingar vi samlar inn
Vi samlar personopplysingar brukarane fyller inn når dei registrerer og oppdaterer brukar. I tillegg samlar vi personopplysingane brukarane fyller inn i søknadane. Desse opplysningene blir samla inn for å gjere mogleg føgjande oppgåver i handsaminga:
- Handsaming av søknadar
- Handsaming av sluttrapportar
- Føring av statistikk
- Arkivering av søknadar
- Betale ut gåver
Handsaming av personopplysingar
Det er kun dei nødvendige rollane i portalen som har rettigheiter til å få innsyn i dine personopplysingar. Opplysningar som kontonummer er kun tilgjengeleg for dei som skal utføre utbetalingar på tildelt søknadssum. Ditt passord i portalen er ikkje tilgjengeleg for andre enn deg som brukar.
Lagring av opplysninger
Stiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lenger enn det er naudsynt for å administrere og gjennomføre formålet, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger.
Personopplysningar oppgitt i gåvesøknadar vert lagra i 5 år. Personopplysningar relatert til søknadar som blir imøtekomne vert lagra i 5 år etter at tiltaket er avslutta og sluttrapport er registrert.
For tilsette og tillitsvalde vert personopplysningane lagra i perioden dei er tilsette/valde for, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger.
Innsyn i personopplysningar
Du kan ta kontakt med oss og be om å få vite kva opplysningar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har om deg, kva opplysningane brukast til og kvar dei er henta frå.
Retting og sletting av personopplysingar
Dersom du meiner personopplysingane vi har samla om deg er feil, kan du krevje å få opplysningane retta, supplert eller sletta. Enkelte opplysninger kan du sjølv korrigere under din Brukarprofil.
Den registrerte kan be om dataportabilitet, det vil seie at personopplysningar registrerte hos stiftinga kan overførast til ein tredjemann.
Vi vil av eige tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Samtidig er det ikkje alltid lett for den som handsamar store mengder opplysningar å bli klar over at noko manglar eller er feil. Vi anbefaler difor at brukarane bruker innsynsretten, dersom dei mistenker at personopplysingar er feilaktige.
Sikkerheit
Søknadssystemet blir overført med HTTPS. SSL-sertifikat (Secured Sockets Layer) som sikrar trygg kommunikasjon. Krypteringa sørger for konfidensialitet ved innsending av søknadsskjema og brukarregistrering.
Endringar
Oppstår det endring i våre tenester eller endring i regelverk om handsming av personopplysningar, kan det medføre behov for oppdatering av denne informasjonen. Oppdatert informasjon vil ein finne lett tilgjengeleg på nettsida vår.